Kostnad 2010
Dette gjeld fylling/bru og tunnel frå Voksa til Åram.
Kostnad (tal frå vegvesenet 06, utan mva) kr 440 000 000
Stein frå Åramsundet kr 35 000 000
Statleg innsparingar kr 40 000 000 = kr 75 000 000
Lånebehov kr 365 000 000
Lån 30 år og 365 mill , 5,2% 24 300 000 pr år
FINANSIERINGSPLAN
Årleg innsparing
Ferje (drift, kapital og landdel) kr 18 500 000
Kommunale innsparingar kr 4 500 000
Bompengar kr 3 000 000
Minus årleg driftskostnad kr 1 000 000
SUM INNSPARING inkl. bompengar kr 25 000 000
Økonomi 2007
Kostnader for tunnel og bru/fylling er pr november 2007 slik:
Fylling/lågbru frå Kvamsøy til Voksa (med ei bru på 12m seglingshøgde) er stipulert til kr 160 000 000,-
Tunnel Voksa - Åram (avstand 2100m) kr 220 000 000,-
Sum byggekostnader kr 380 000 000,-
Når sambandet vert bygd vil det vere ein fylkesveg. Det vert såleis Møre og Romsdal fylke som må finansiere denne vegen. Denne summen som står ovanfør er prisar med moms. Fylket vil få att momsen. Men sidan einskilde kostnader ikkje er momsberrekna (masseuttak) vert snitten som ein får att omlag 12 % eller deromkring.
Nettokostnad vert då 380 mill minus momsrefusjonen på 47 mill == 333 mill
Frå trøndelag fylkeskommune kjenner vi til at ein har fått 25 år nedbetaling på fylkesvegar.
Årleg beløp til nedbetaling vert då 333 mill delt 25 år som gir oss beløp på 13,32 mill pr år.
Slik er matematikken, men i den økonomiske verda er situasjonen annleis. Pengane må lånast og dette vil då koste M & R fylke: Lån 333 mill 5,6 % rente = 24,5 mill pr år.
Sande kommune har dedikert (sett av) 20 mill og det er håp om at Vanylven og td Tussa også vil kunne yte eit kontantbeløp i mill klassen. Dette reduserer lånebehovet. For kvar 10 mill ein slepp å låne vert dei årlege kostnadane redusert med 750 tusen pr år. (Dvs at pr i dag vil låneutgiftene vere 23 mill pr år og håp om fleire reduksjonar)