Tidlegare Planar


Rapport Fylkesveg 1989



Samfunnsanalyse 1986



Sande Fast r 61 1993



Selmer 1997


Anbodsdokument

Under ligg : planprogrammet, kommunale vedtak, Aa- jakobsen sin rapport om bru, fylkestinget si saksutgreiing


Aas Jakobsen Sluttrapport



A. Palm Rapport



Oppstartsvedtak Sande



Oppstartsvedtak Vanylven



Revidert planprogram etter høyring 25.04.2011



Samrøystes vedtak i Fylkestinget



Utarbeiding av kommunedelplan for fjordkryssing


Historie

Sande Fastlandssamband vart stifta 03.12.87. Formålet med selskapet var å arbeide for eit køyrbart samband mellom Gurskøy, Sandsøya, Kvamsøya og fastlandet på Åram.

Kvamsøy – Voksa

Dei første åra jobba ein for fylling mellom Kvamsøy – Voksa. Steinen frå fyllinga skulle kome frå Stadt – tunnelen. Total lengd på vegfyllinga ville ha vorte på 2,5 km med ei bru på 300 m.
Ved å nytte fylling ville ein i tillegg få skjerma og gode forhold for oppdrett og turisme.
Under gitte forutsetnader kan fyllingsalternativet konkurrere med tunnel i pris. Rapportar på dette viste ein kostnad på om lag 130 mil kr.

Vurderingar

Styret i Sande fastlandssamband vurderte og gjekk igjennom muligheitene for å få til ei finansiering for eit samband mellom Kvamsøya og Voksa. Her var det for lite trafikkgrunnlag og lite kunne ein vente frå staten. Det var derfor sett på andre måtar å finansiere på. Her kjem den kreative finansieringa fram.

Ein ser på mulige spleise og innsparings alternativ. Næringslivet og skular vart då dei største postane ein kunne gjere noko med. Ferja måtte ein framleis ha til å gå ruta Larsnes – Åram – Voksa. Det kunne ha vore eit god alternativ, fordi ein då ville hatt ferje kvar halvtime. Men det vart ikkje nok innsparingar til å kunne finansiere det.

Det er derfor berre eit alternativ.

Ferja må inngå i innsparingane elles vil det ikkje monne nok før ei slik investering som må til her.
Dvs at ein har valet om å la ting vere som dei er - utan fastsamband eller arbeide for eit samband til Åram i Vanylven kommune.

Dette vil ikkje vere eit samband som innfrir alle våre ønskjer, men ut frå natur og geografi nesten innfrir ønsket våra. Vi må framleis nytte ferje, men den er kort ca 10 min og går ca 32 gongar pr dag ( mot 8/9 med dagens ordning).
 

 Ulike traseer


Planane gjekk gjennom mange kreative fasar

Åram Voksa Sandvika 300 m
Resultat: For djupt

Åram Sandsøy Hidsneset 180 m
Resultat: For dyrt

Kvamsøy Voksa Nupen 300 m
Resultat: For djupt

Åram Sandsøy Haugsbygda 270 m
Resultat: For djupt

Åram Voksa Kvamsøy 80 m
Resultat: Er framleis ein alternativ trasè

Kvamsøy - Voksa fylling/bru og tunnel Voksa - Åram
Resultat: Er gjeldande trasè