Generalforsamling 2016

Torsdag 30. mars kl 18:00 vert det generalforsamling for Sande Fastlandssamband as

Vi sig stadig framover med prosjektet. Det går ikkje so fort som vi ønskjer, men retninga er bra. Vi held no på med å avklare stigningsforhold. må vi ha 5 % stigning eller 7,8%. Målet med stigningsforhalda er å gjere tryggheita for ferdsel betre. med lågare stigning vil tunnelen verte lenger. Kanskje vi ikkje treff Voksa? Men med lenger tunnel vil tida ein eventuelt treng forf å kome ut av tunnelen lenger. Dette må vere ei avveging av trafikkmengd, sjangs for farefull transport og stigning. Vi har leigd inn Nordconsult for å gjere denne jobben. Svar er venta før påske.

Generalforsamling på Kvamsøy skule måndag 2. mai 2016

Generalforsamling. med vanlege årsmøtesaker

Etter ordinær generalforsamling , vil vi orientere om det som er nytt så langt.

Kommunedelplan

kommunedelplanen for Sande Fastlandssamband as er vedteken

Både Sande kommune og Vanylven kommune har vedteke kommuneplan for Sande fastlandsasamband as. Neste og siste skritt på vegen er reguleringsplan. Denne plar ta to år å utarbeide. Deretter er det vedtak om oppstarting som står for tur....

vedtak_sande_og_vanylven.pdf
Generalforsamling i Sandefastlandssamband 2014

Den 20. mai 2015,  kl 17.30 vert det generalforsamling på Sande rådhus Larsnes.

Generalforsamlinga vil ta opp dei vanlege sakene som økonomi og val. Ein vil då også kome inn på framtidsplanar i sambandet.

 

_rsrekneskap_m_underskrift.pdf

Kommunedelpanen er no klar til å sendast til planmynde

Norconsult har laga ein kommundelplan/konsekvensanalyse. Denne er ferdig i desse tider.

 

Selskapet vil på første styremøte i mai avgjere kva trace som ein anbefalar kommunane å jobbe vidare med. På Kvamsøya og på Voksa er det berre eit alternativ til påhogg for tunnelen, medan det på Åram er to. (Åram stadion og Åramsvika).

Vi ventar no på ferjeavløysingsproposisjonen (12. mai) Dette avgjer om fylkeskommunen får behalde ferjeavløysingsmidla i 30 - 40 år etter at ein får tunnel. Dette er heilt avgjerande for vår finansiering.

Møte med Vegvesen og administrasjon M&R samferdsel avd

Magne Vinje, Arild Fuglseth, Svein Solbjørg og Jan Stavik

Magne Vinje, Arild Fuglseth, Svein Solbjørg og Jan Stavik

Tysdag 3. november fekk vi rapporten frå Aas - Jakobsen. Vi gjekk i gjennom den saman med Svein Solbjørg. Den viser at kostnadane med bru /fylling vert høgre enn tidlegare berekningar. Slik tala ligg i dag er det bob bob om ein vel tunnel eller fylling/bru + tunnel. Ein treng ein ny gjennomgang av tala. Dette vert gjort av vegvesenet og Aas- Jakobsen. Dette arbeidet vert ferdig først på vårparten. Når dette er gjort veit ein kva alternativ som skal utgreiast vidare. Det er muleg at begge alternativa vert med i konsekvensanalysa. Svein Solbjørg skisserte eit løp vidare for selskapet. (ved max uttelling) 2010 - kommunedelplan + konsekvensanalyse  2012 ferdigstilling av desse. Parrallelt med dette må finansieringa kome på plass. Fylke og kommuner. Vidare utlysing for annbud 2013. (Men erfaringsmessig tek tinga meir tid enn opptimal framdrift.)

Møte med fylkeskommunen og statensvegvesen

Tysdag 3. november har vi invitert oss på møte med sentrale personar i fylket. Frank Sve, Olav Brattland,Arild Fuglseth,Svein Solbjørg og Jørn Hasselø

Har derfor eit ønskje om at  vi kan gjere desse vala då: 

v  Endeleg val av trase

v  Finansiering av kommunedelplan/konsekvensanalyse

Generalforsamling for 2008 på Åram

Torsdag 25. juni 2009 kl 17.30 på Åram skule

Saker:

Konstituering

 Årsmelding for 2008

 Rekneskap for 2008

 Revisormelding

 Retta emisjon mot Vanylven kommune, kjøp av 1000 aksjar pålydande kr 500,- med teikningskurs à kr 1000,-

 Endring av vedtekter §3,§4 og §5

 Val

 Orientering og drøfting om arbeidet framover.

 

Samfedselsutvalet gjer vedtak 12.03.08

 

Forslag til vedtak

Samferdselsutvalget tar orienteringen til vitende.



Behandling i Samferdselsutvalet - 12.03.2008

Oddbjørn Vatne sette fram eit utsettingsforslag:

"Saka blir utsett, men ein kjem tilbake i god tid før behandlinga av 2009-budsjettet."

Jakob Strand Sunnmørslista, Toril Røsand og Knut A. Oskarsson, Høgre, FrankSve Frp og Randi W. Frisvoll Krf sette fram eit forslag til vedtak i saka:

"Samferdselsutvalet ber fylkestinget arbeide inn i budsjettet 2009 og økonomiplan 2009 - 2013 løyvinga til nødvendig planarbeid som sikrar framdrift i arbeidet."

 

Røysting
Det vart først røysta over utsettingsforslaget frå O. Vatne som vart vraka. Utsettingsforslaget fekk 5 røyster.

 

Det vart deretter røysta alternativt mellom innstillinga frå vegadministrasjonen og forslaget frå J. Strand m/fleire. Forslaget frå J. Strand m/fleire vart vedteke med 7 mot 4 røyster.


Vedtak/tilråding frå Samferdselsutvalet - 12.03.2008

Samferdselsutvalet ber fylkestinget arbeide inn i budsjettet 2009 og økonomiplan 2009 - 2013 løyvinga til nødvendig planarbeid som sikrar framdrift i arbeidet.

Møte med Statens Vegvesen 25. oktober 2007

sande_fastlandssamband.jpg

Torsdag 25. oktober møtte Svein Solbjørg og Jan Stavik frå vegkontoret og frå Sande: Dag Vågen,Kåre Fjørtoft, Jarle Støylen og Jostein Korsnes

Agenda for møtet var no-situasjon og kva gjer vi vidare.

Jostein og Jarle la fram dei nye data frå Myklebust as med berekning av ei fylling/lågbru/bru mellom Kvamsøya og Voksa.

Denne traseen er ikkje kvalitetsikra av statens vegvesen enno. Dette vil vegkontoret gjere snarast + at dei kvalitetsikra dei innsparingane som sambandet vil gje. ( etter ein kreativ modell som selskapet har utarbeidd)

Vidare vart ei slik tidsrame skissert;

2008 kommunane lagar delplanar for sambandet
2009 ein konsekvensutgreiing vert oppstarta
parralet med dette vil ein politisk prosess måtte oppstartast.
Dersom alt går like raskt vil ein tidlegast kunne starte på anbodsutlysing 2010 og oppstart i 2011.

Forslag til trasear frå Myklebust as

forslag_til_trasear_fr___myklebust_as.jpg

Myklebust as har hatt fleire liknande oppdrag. Sjå under på vedlegga for plassering.Dei har tenkt at der det er djupner over 20 m vi ein nytte lågbru. Sjå bilete! Elles vert der ei kort bru med seglingshøgde 12 meter. 

forslag_til_trasear.pdf

Møte med statens Vegvesen Distriktskontor 5. juni 2007

statens_vegvesen_5_juni.jpg

Desse deltok. Jarle Støylen, Jostein Korsnes, Svein Solbjørg, Ragnhild Vestre, Håvard Parr Dimmen, Jan Stavik, Marit Due Langaas, Terje Lindstad, xx.

1) Jarle og Jostein presenterte selskapet. Status og ståstad.


2) Panelet kommenterte tala som vi hadde med i reknestykket

3) Svein Solbjørg skisserte ein veg framover. Jan Stavik førebur ei sak til samferdselautvalet i oktober og vidare til fylkestinget i desember. (Vil her vise til finasieringa som selskapet har lagd til grunn.)

4) På spørsmål frå selskapet om : a) kven er utbyggjar, vart det opplyst at dette er ein fylkesveg, dvs fylket bygg vegen og statens vegvesen bygg for dei. Men selskapet skal stå for finansieringa av vegen b) bør vi starte reguleringsplan arbeidet? Det kunne vi godt gjere, men først få inn sikrare data på sjøbotnen. Slik at ein kan få til ein trase med rimeleg sikker kostnad.
 

Møte med Statens Vegvesen den 29.mars 2007

Desse var på møtet om fastlandssambandet:
Jarle Støylen, Jostein Korsnes, Paul Myklestad, Svein Solbjørg, Jørn Hasselø og Jan Stavik.

Møtet var på møteromet ”Knuten” til Statens Vegvesen. Møtet starta kl 10,30 –og varte til kl 12,30.

Paul Myklestad orienterte om skissa som han hadde utarbeidd vedrørande lavbru mellom kvamsøy – Voksa. 4 m veg breidde og møteplassar med ca 400 m mellomrom. Men for meir nøyaktig arbeid må ein ha innmåling av området. Utarbeiding av ei prosjektskisse av dei ulike trasevala og sende ut eit annbod for å få botnen betre innmerka med djupner og fjellkoter.
Td vil Geomap og geosubsea kunne gi slike utreidningar.


Jarle følgte opp med å dele ut ein finansieringsplan. Denne viste at prosjektet er økonomisk forsvarlegt.

Svein Solbjørg var svært positiv og meinte at dette no bør kome inn for politiske utval og fagutval. Her er det betydeleg betre materiale som selskapet har baser seg på no enn tidlegare. Vi snakkar om eit prosjekt på rundt 400 mill. Og finansieringa viser at her er det muleg å gjere noko.

Jan Stavik vil forsøke å sjekke innsparingstala som vi har sett opp. Spesielt dette med innsparingar på ferja er slike tal som han kan innhente. Vedlikehald av tunnelar kostar ca ½ mill pr km pr år.

Jørn Arve Hasselø som er brueksperten, meinte at ein måtte ha eit utvendig montert gangfelt/sykkelsti eller ståstad for fiskarar. Vil verte eit utruleg vakkert på td ei brosjyre. (dette kan dakkast innn på brosjyra for lettare kunne selje inn prosjektet.

Elles vart det snakka om vi må ha eit oppstartsmøte i Fylkeshuset, der kystverket, miljømynde og planmynde vert innkalla.

Men først botnvurdering og treseval av Myklebust as.

Vi bør sjekke kostnadane på drift av bompenge automatar. Trøndelag vegfinas eller liknande bør vite noko om dette.

Selskapet bør tenkje på å skrive til samferdsleytvalet og be om møte. (S Solbjørb meinar at etter valet er ok)

Statens Vegvesen si ANSLAGSGRUPPE bør inn etter at ein har fått meir nøyaktige bruannslag.

Ei ferjelei kostar i snitt 7 – 8 mill og har ei levetid på 25 år. Ein reknar med at ein har 200 000 kr i snitt på vedlikehaldssida av gjennomsnittsferjeleia pluss om lag 200 000 på landsida. (Her vart det vist til ferjeleie i Molde) Kapitalutgiftene her??

Finansdepartementet. 2006

Sande Fastlandssamband as var tysdag den 22. august 2006 på møte saman med Stad Skipstunnel i finansdepartementet. Målet med møtet var å få skipstunnellen inn i statsbudsjettet for neste år. Signal derifrå er at denne må inn på nasjonal transportplan under " hamner og farleder" før den kan få finansiering. For Sande Fastlandssamband var målet å overta steinmassane frå tunnelen. Dette ville ein så bruke i fyllinga mellom Kvamsøy og Voksa.