GENERALFORSAMLING
Sande rådhus 24.mars kl 17:45
1 Konstituering
2 Årsmelding
3 Rekneskap
4 val
5 Emisjon
6 Endring av vedtektene
7 orientering og drift framover
![]() | |||
| GENERALFORSAMLINGSande rådhus 24.mars kl 17:45 1 Konstituering 2 Årsmelding 3 Rekneskap 4 val 5 Emisjon 6 Endring av vedtektene 7 orientering og drift framover Generalforsamling29.april 2021 på Sande Rådhus kl 17.30 Saker: 1: Konstituering 2: Årsmelding for 2020 3: Rekneskap for 2020 4: Val 5: Emisjon, vedtak om utviding av aksjekapital, fullmakt til styret 6: Endring av vedtekter §4 7: Orientering og drøftingh om arbeidet framover GRUNNA KORONASITUASJONEN MÅ VI HA NAMN PÅ ALLE SOM MØTER! Send namn innan 25. april til: jostein6087@gmail.com Nye kravSelskapet har utarbeidd ein kommunedelplan i 2015. Sidan det har nye reglar og krav vorte stilt av EU og vegdirektoratet. Dei nye krava gir oss utfordringar på kvar og korleis tunnelen kan byggast. Kostnadane aukar og tunnellengda stig. Det positive er at moglegheita for å bygge med «sjølvfinansiering» har vorte betre. Vi starta med å jobbe for at ferjeunderskotet kan brukast. Dette vart godkjent med 40 år og har no vorte utvida til 45 år. På dette grunnlag slår Deloitte fast i ein rapport vi vekk i vinter, at tunnelen er sjølvfinansierande med ein kostnad på 1,8 milliardar. Vedtaket om halvering av ferjebillett verkar positivt inn på vår finansiering. Dette gjer det også enklare å bygge tunnelen utan bompengefinansiering. Enklare også fordi ei då ikkje om stortinget for godkjenning. Vegeigar er fylkeskommunen. Selskapet (SFS) si rolle er å vise korleis og på kva måte dette kan byggast. Gjennom åra har millionar vorte brukt på konsulentar og grunnundersøkingar. Vi har no fått munnleg signal frå både lokale og fylkeskommunale politikarar og frå lokalt næringsliv i ytre Sande om at dei er med på eit spleiselag for å finansiere resterande planlegging av tunnelen. Kostnadane med dette planarbeidet er under utarbeiding og vil verte lagt fram for lokal og fylkeskommunal handsaming med det første. Målet vårt er å komme i gong med nye og naudsynte grunnundersøkingar til sommaren. Deretter vil vi starte reguleringsplanarbeidet til hausten. Vi håpar at reguleringsplanarbeidet skal vere ferdig i 2022-2023. Ein vil då ha naudsynt grunnlag for å kunne vedta bygging av tunnelen. Denne framdriftsplanen vil ikkje gå utover fornying av ferjeleiet på Voksa, som vel er planlagt gjennomført i år eller dei andre ferjeleiene som er planlagde om nokre år. KS14. mars gav samferdselsutvalet grønt lys for kvalitetssikring av sambandet
2. Før prosjektet kan vurderast for beslutningspunkt B1 (konseptval) må det gjennomførast ekstern og uavhengig kvalitetssikring av konseptet (KS1) jf. prosedyren. 3. Samferdselsutvalet ber Fylkeskommunedirektøren om å søke Vegdirektoratet om forhåndsgodkjenning av sikkerhetsgodkjenning med stigningsgrad på Sande Fastlandssamband med inntil 8 %.
Generalforsamling på KvamsøyaTorsdag 13. juni er det generalforsamling på Brimer Generalforsamlinga skal ta stilling til val og økonomi. litt om kvar vi er no. Generalforsamling7.juni var det generalforsamling på Sande rådhus. Kristin Sørheim som er leiar i samferdselsutvatet i fylket gjesta oss. Det var godt oppmøte på rådhuset. Forutan dei vanlege generalforsamlinssakene heldt Kristin Sørheim eit innlegget om det å vere sjølvfinansierande. Samferdselsutvalet har vedteke at ein ikkje brukar tid eller personell på andre samband enn dei som er vedteke utbygd. unntaket her er samband som kan seiast å vere sjølvfinansierande. Sande Fastlandssamband har rekna seg som eit sjølvfinansierande samband. Kristin viste oss ei 40 år løype. I heile denne løypa måtte sambandet vere sjølvfinansierande. Etter henna reknestykke med elektriske framdrift og ny ferje (kostnad 50 mill pr år) så er ikkje sambandet sjølvfinansierande. Kostnad på sambandet er 1 200 000 000 kr . Grunnen til dette er at ein har vedlikehaldskostnadar, totalrenovering og driftsutgifter. Frå møtelyden vart det argumentert med at om ein skal legge inn så mykje i sjølvfinansieringa, så vil ikkje noko samband kunne verte bygd. Nordøyvegen vil verte det prosjektet som først må igjennom nålauget. Vedtak skal der gjerast i august. Vi får vente og håpe på at prosessen der er døropnar for oss også. Møte om sjølvfinansieringKva ligg inne i modellen og kva manglar-. Modellen er under utvikling og slår framleis ut litt tilfeldig. Viktig for oss å kunne få inn dei momenta som er utslagsgivande. Målet er å bruke dei kronene som samfunnet brukar på samferdsle i ytre Sande på ein slik måte at det tener oss best mogleg. Modellen så langt var ikkje positiv for våre tal. I modellen som vi har no, så er kostnad pr meter tunnel viktig. Kan annbodet for Nordøyvegen vise at ein kan kome under 100 000 kr pr løpemeter tunnel så vil dette slå svært positivt ut for vårt samband (Vi har ca 140 000 kr pr m) Spanande er også desse kostnadane som ein bereknar til vedlikehald. Talet no er 4 mill pr km. Dette er alt for høgt. Dette er erfaringstal. Dei nye tunnelane er sterkare og betre dimensjonerte. Dette gir oss høgre meter pris. Her tek ein inn kostnadane på to sider. Både på auka byggekostnadar og på auka vedlikehald som er laga på erfaring frå dei "billige" tunnelane. Vi kivast om indeksregulering av ferjeunderskotet. Det er denne knaggen som avgjer om vi er sjølvfinansierande. Ligg inne i tilskotet til fylket, men ikkje i modellen. To ferjer i rute 01? Framlegg frå fylkeskommunen om dette. Vil slå postivt ut for oss uansett. Men enno berre eit "laust" framlegg av ein funksjonær. Generalforsamling 2017generalforsamling vert torsdag 7.juni 2018 kl 17:30 Møtet er i første rekke for aksjonærane, men er opent også for andre som er oppteken av samfunnsutvikling. Generalforsamlinga skal i hovudsak handle om selskapet si økonomiske drift ov val av styremedlemar. Årsmeldinga er kort, men her bør generalforsamlinga kunne etterspøre framdrifta av selskapet. Punkt 5 i generalforsamlinga handlar om arbeidet no og vidare framover. Vi har fått leiar i samferdselsutvalet til å orientere oss om prosessen for sjølvfinansiering. kanskje vil også fleire fylkespolitikkarar møte. Generalforsamling 2016Torsdag 30. mars kl 18:00 vert det generalforsamling for Sande Fastlandssamband as Vi sig stadig framover med prosjektet. Det går ikkje so fort som vi ønskjer, men retninga er bra. Vi held no på med å avklare stigningsforhold. må vi ha 5 % stigning eller 7,8%. Målet med stigningsforhalda er å gjere tryggheita for ferdsel betre. med lågare stigning vil tunnelen verte lenger. Kanskje vi ikkje treff Voksa? Men med lenger tunnel vil tida ein eventuelt treng forf å kome ut av tunnelen lenger. Dette må vere ei avveging av trafikkmengd, sjangs for farefull transport og stigning. Vi har leigd inn Nordconsult for å gjere denne jobben. Svar er venta før påske. Generalforsamling. med vanlege årsmøtesaker Etter ordinær generalforsamling , vil vi orientere om det som er nytt så langt. kommunedelplanen for Sande Fastlandssamband as er vedteken Både Sande kommune og Vanylven kommune har vedteke kommuneplan for Sande fastlandsasamband as. Neste og siste skritt på vegen er reguleringsplan. Denne plar ta to år å utarbeide. Deretter er det vedtak om oppstarting som står for tur.... Den 20. mai 2015, kl 17.30 vert det generalforsamling på Sande rådhus Larsnes. Generalforsamlinga vil ta opp dei vanlege sakene som økonomi og val. Ein vil då også kome inn på framtidsplanar i sambandet.
Kommunedelpanen er no klar til å sendast til planmyndeNorconsult har laga ein kommundelplan/konsekvensanalyse. Denne er ferdig i desse tider.
Selskapet vil på første styremøte i mai avgjere kva trace som ein anbefalar kommunane å jobbe vidare med. På Kvamsøya og på Voksa er det berre eit alternativ til påhogg for tunnelen, medan det på Åram er to. (Åram stadion og Åramsvika). Vi ventar no på ferjeavløysingsproposisjonen (12. mai) Dette avgjer om fylkeskommunen får behalde ferjeavløysingsmidla i 30 - 40 år etter at ein får tunnel. Dette er heilt avgjerande for vår finansiering. Møte med Vegvesen og administrasjon M&R samferdsel avd ![]() Magne Vinje, Arild Fuglseth, Svein Solbjørg og Jan Stavik Tysdag 3. november fekk vi rapporten frå Aas - Jakobsen. Vi gjekk i gjennom den saman med Svein Solbjørg. Den viser at kostnadane med bru /fylling vert høgre enn tidlegare berekningar. Slik tala ligg i dag er det bob bob om ein vel tunnel eller fylling/bru + tunnel. Ein treng ein ny gjennomgang av tala. Dette vert gjort av vegvesenet og Aas- Jakobsen. Dette arbeidet vert ferdig først på vårparten. Når dette er gjort veit ein kva alternativ som skal utgreiast vidare. Det er muleg at begge alternativa vert med i konsekvensanalysa. Svein Solbjørg skisserte eit løp vidare for selskapet. (ved max uttelling) 2010 - kommunedelplan + konsekvensanalyse 2012 ferdigstilling av desse. Parrallelt med dette må finansieringa kome på plass. Fylke og kommuner. Vidare utlysing for annbud 2013. (Men erfaringsmessig tek tinga meir tid enn opptimal framdrift.) |
12Neste |
Sande Fastlandssamband v/Jostein Korsnes | 6084 Larsnes | Mobil: 950 22 444